Jord­bruk: for­pakt­ning og jordleige

Prestegardar med jordbruksdrift fins over heile landet. Dei representerer eit mangfald av norsk jordbruk, både geografisk og produksjonsmessig. Allstad har både forpaktingsbruk og gardsbruk med jordleige.

Prestegarden har på dei fleste stader sentrumsnær lokalisering og er i dag gjerne omkransa av tettstadar og bebyggelse. Mykje av areala som tilhøyrte prestegardane blir idag nytta til bustadområde og utbygging til offentlege føremål. Samla ligg det framleis omlag 23 000 fulldyrka jord til prestegardane. I tillegg høyrer det beiteareal til desse eigedomane og fondet har 132 jordleigebruk, og 18 forpaktarbruk. Desse bruka er tradisjonsbærarar av viktig kulturhistorie.

På Ullensvang (biletet på toppen prestegard nyttar Nibio prestegarden sine areal for forsking på fruktdyrking. Miljøet her er det største forskningsmijøet for frukt i Norden. 

Forsøksgardar

Allstad har landbruksforskning på 8 prestegardar,
fleire i regi og drift av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi)

Forsøksgardar

Allstad har jordbruksforsking på åtte prestegardar, fleire i regi og drift av NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi)

  • Ullensvang prestegard, vert leigd av NIBIO til forsøksstasjon
  • Nedre Stjørdal vert leigd av Norsk landbuksrådgiving, vert brukt til forsøksverksemd
  • Klepp prestegard vert leigd av Felleskjøpet til stamsædavl og fôringsforsøk
  • Høyland prestegard har leigeavtale med NMBU og institutt for småfeforsking.
  • Hommedal prestegard vert leigd av NIBIO til forsøksstasjon innan frøavl av engvekster, fjellfrø og blomsterengfrø
  • Brandval prestegard vert leigd av Norsk landbuksrådgiving, vert brukt til forsøksverksemd
  • Østre Toten ( Hoff) vert leigd av NIBIO til forsøksverksemd for korn, olje- proteinvekster, poteter og grønnsaker