Gaular prestebustad, Steien

Bolignummer: 307
Adresse: Steia 3, 6973 Sande i Sunnfjord

Prestebustaden på Sande i Sunnfjord blei bygd i 1896. Bustaden er lokalt kjend som Steien. Huset har inngang mot nordaust, er kledd i tre og har ein og ein halv etasje.

Den eldste omtalen ein kjenner til av ei kyrkje på Sande er frå 1327-28. Det var truleg tidlegare ei stavkyrkje på staden og det kan sjå ut til at dei tre kyrkjene ein kjenner til før dagens alle har stått på same tufta.